nyeeid.custompublish.com

Å ha sitt helse og omsorgstilbod i Stad 2020

Hovudtemaet for dette delprosjektet kan knytast til kva som skal vere innhaldet i innbyggarane sitt helse - og omsorgstilbod iStad 2020.

Babro Longva frå Selje kommune er prosjektleiar for hovudprosjektet som omhandlar helse og omsorg. Babro er tilsett i Selje kommune som tenesteleiar og vil frå 1.1. 2020 tiltre som kommunalsjef for helse og omsorg i Stad kommune.

  Barbro.jpg

 

Delprosjekt under hovudprosjekt:

  • Legeteneste
  • Helsestasjonteneste
  • Psykisk helse og rus
  • Habilitering og rehabilitering
  • NAV
  • Forvaltning
  • Heimeteneste og institusjon
  • Fagsystem helse og omsorg

Resultatmål for delprosjekta er å levere ein rapport som inneheld forslag til ei samla organisering, inkludert forslag til styringssystem og bemannings- og kompetanse plan for dei ulike tenesteområda i Stad Kommune innan 1. oktober 2019.

Effektmål for delprosjekta nære og trygge tenester og den einskilde sine ressursar skal nyttast til den enkelte sitt beste. Vi skal jobbe for førebyggje i staden for å behandle og vi skal samhandle på ein slik måte at innbyggjarane opplever saumlause tenester.