Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Deltaking i prosessen

Involvering og medverknad - tilsette

Verneombod.jpgTilsetttreff6.jpg

Ei brei involvering av dei tillitsvalde og tilsette i begge kommunane er avgjerande for å kunne lykkast med ein god prosess og eit godt resultat for kommunesamanslåinga. Med ei open og involverande tilnærming skal ein sikre at medbestemmingsretten vert teken godt vare på gjennom prosessen.

På denne sida vil du finne info. om kva som pågår i prosessen som har betydning for deg, og korleis og når de som tilsett vert involvert i arbeidet!

 

Omstillingsavtale vedteken av PSU 1.3

Foreint om felles avtale

Omstillingsavtalen for dei tilsette i Eid og Selje er no vedteken i partssamansett utval. Det har vore ein grundig prosess der alle tilsette har fått høve til å vere med å utforme avtalen.

Arbeidsverkstad 2 omstillingsavtale, 10. januar

Oppfølging av omstillingsavtale

Onsdag 10. januar var verneomboda, tillitsvalde og leiarar i Eid og Selje kommune samla for å arbeide vidare med omstillingsavtalen for samanslåinga. Innspela som kom opp vert no teke med vidare inn i høyringsprosessen mot øvrige tilsette, som vil gå fram til 5. februar.

Avtralen skal etter plan vere ferdigstilt og handsama i fellesnemda og partssamansett møte 1. mars.

 

Omstillingsavtale - arbeidsverkstad 2

Avtaleutkast på høyring

Omstillingfoto.JPG

På bakgrunn av drøftingar og innspel frå arbeidsverkstaden i oktober og arbeidsmøte med hovudtillitsvalde og hovudverneomboda, ligg det no føre eit første utkast til ein felles omstillingsavtale for dei tilsette i Eid og Selje kommunar.

Onsdag 10. januar er leiarar, tillitsvalde og verneombod og tillitsvalde invitert til ein arbeidsverkstad 2, der avtaleutkastet vil bli gjennomgått og drøfta.

Avtalen vert no også sendt ut på høyring til alle tilsette med høyringsfrist 5. februar, og alle er velkomne til å kome med uttale til omstillingsavtalen. Leiarane tek ansvar for utforming av felles innspel frå si teneste/avdeling. Dei tillitsvalde- og verneombod sender felles uttale på vegne av sine medlemmar/ansvarsområde.

Innspel skal sendast til kristine.dahl@stad2020.no innan 5. februar.

Avtalen skal etter plan til handsaming/godkjenning i partssamansett utval/fellesnemda 1. mars.

Utkast til omstillingsavtale

Program for arbeidsverkstad 10. januar

 

Oppstartsmøte 16.10 - prosjektgruppa for STAD 2020

Leiarar for delprosjekta er på plass

20STAD2020 PROSJEKTGRUPPA-2.jpg20NYHStad2020 prosjektgrup.jpg

Prosjektgruppa frå venstre: Barbro Os Noste, Sissel Solheim, Mirjam Bruvoll, Wenche Berget, Ingrid Stave, Ingunn Rotihaug, Elin Paulsen, Håvar Fagerli, Roar Sætre, Harald Sivertsen, Åslaug Krogsæter, Barbro Longva, Kristine Dahl og Geir Holmen. Foto: Fjordabladet